Fjellfolk ved fjorden

I mars 2024 var det 50 år sida Ulvik Røde Kors Hjelpekorps vart skipa av ein gjeng idealistiske fjellfolk frå fjordbygda Ulvik.
Fjellfolk ved fjorden

I denne boka kan du lese om oppstart, bakgrunn for oppstart og kva laget har halde på med i dei åra det har eksistert. Ein får ikkje med seg alt, og då noverande styre i Ulvik RKH sette i gang arbeide med jubilleumsskriftet var ein samde om å ikkje fokusere alt for mykje på ein­skildpersonar, men heller ha lagsinnsatsen som heilskap i fokus. Nokon ville ha mest fokus på den fyrste tida, men og samstundes gjere det interessant for alle lesarar. Gjerne og for dei som ikkje har eit spesielt forhold til Hjelpekorpset, eller Ulvik for den del. Difor måtte vi ha ein god historieforteljar til å skrive. Oppdraget vart gjeve til journalist og forfattar Bjørn Steinar Meyer, busett i Ulvik, oppgåva med å skrive denne soga.